Om prosjektet

Nyskriving av norsk språkhistorie

Norsk språkhistorie er eit samarbeidsprosjekt mellom nordiskmiljøa ved norske universitet og høgskolar om å skrive ei vitskapleg norsk språkhistorie. Prosjektet ønskjer å revitalisere den norske språkhistorieforskinga både ved å samordne dei etablerte, men spreidde forskarresursane som alt finst, og ved å trekkje forskarrekruttar til fagfeltet. I tillegg samordnar og nyttar prosjektet den relevante digitale forskingsinfrastrukturen som er etablert ved ulike kunnskapsinstitusjonar her i landet.

Dei siste to generasjonane har det vore gjennomført mykje forsking i norsk språkhistorie, og dessutan har perspektiva og refleksjonen kring historieskriving endra seg på denne tida. Andre nærskylde fag har vunne fram til ny kunnskap, og språkvitskapen har utvikla sine nye teoriar, ja, endatil utvikla nye relevante disiplinar som sosiolingvistikk og pragmatikk. Dermed er det naturleg at mykje av norsk språkhistorie er mode for ein systematisk revisjon. Med Norsk språkhistorie reknar vi òg med at ny forsking i vår språkhistorie skal kunne gi bidrag til internasjonal historisk lingvistikk. Det er viktig at empiri frå norsk språkhistorie er med i den internasjonale teoridiskusjonen og -utviklinga i historisk lingvistikk.

Prosjektet vart først drøfta på tre fellesseminar mellom nordisk-miljøa i Norge (i juni 2008 i Bergen, i februar 2009 på Gardermoen og i november 2009 i Trondheim), og redaksjonsgruppa blei oppretta i 2008. Etter dette har det vore arrangert fleire møte og manusseminar, og alle forfattarane – 42 totalt – er no godt i gang med skrive- og forskingsarbeidet. Den nye språkhistoria er planlagd til fire bind på i alt 2000 sider. Det skal ha den opplyste allmenta som målgruppe samtidig som det skal vere eit fagleg referanseverk. Verket skal skrivast som artiklar, men med streng styring frå ei redaksjonsgruppe der alle samarbeidsinstitusjonane er representerte. Hovudredaktørar er Helge Sandøy (UiB) og Agnete Nesse (HiB). Bindredaktørar er Helge Sandøy, Brit Mæhlum (NTNU), Tove Bull (UiT) og Agnete Nesse. Desse saman med Lars S. Vikør (UiO), Michael Schulte (HiA) og Inge Særheim (UiS) utgjer redaksjonsgruppa.

For kvart emne i verket har vi etablert samarbeid med emneredaktørar. Emneredaktørane har ansvaret for tekstar til språkhistoria, og mange har fått med seg fleire kollegaer i skrivearbeidet. Dette tiltaket har allereie skapt nye faglege aktivitetar og diskusjonar, ikkje minst på dei mange manusseminara som redaktøren for kvart bind har ansvar for å arrangere. På desse seminara har forfattarane fått drøfta viktige faglege spørsmål, men også meir «tekniske» spørsmål knytt til manusutvikling, struktur og liknande.