Kapittel 4: Høgmellomalderen (1050–1350)

Av Odd Einar Haugen

Med den yngre gammalnorske perioden i høgmellomalderen får vi rikare kjelder å ause av enn det som gjeld for tidlegare periodar. Runeskrifta vart framleis brukt i denne perioden og eit stykke inn i neste. Men det som verkeleg endrar kjeldetilfanget, er skriftfestinga av norsk i det latinske alfabetet, truleg i andre halvpart av 1000-talet. Sjølv om ingen av handskriftene frå dei første 100 åra er bevarte, har vi frå rundt år 1200 ein brei og rik litteratur, og frå dei neste 150 åra kan vi utnytte eit korpus på fleire millionar ord. Materialet fordeler seg på tre hovudfelt: runer, handskrifter og diplom (brev). Døme frå alle tre kjelde­katego­riane blir framlagde til dokumentasjon i kapittelet med illustrasjonar, transkripsjonar og omsetjingar. Med utgangspunkt i språktilstanden rundt 1100 gjev kapittelet først ein systematisk gjennomgang av lydlære, formlære og setningslære i gammalnorsk og deretter eit oversyn over den variasjonen vi kan lese ut av kjeldene, både geografisk, i form av tidlege dialektskilnader, og historisk, i form av språktrekk som vi ser endrar seg gjennom perioden. Gjennomgåande framstår 1050–1350 som ein stabil periode, og først mot slutten kan vi særleg i diploma sjå at språket er i tiltakande endring.