Kapittel 7: Unionstida med Sverige (1814–1905)

Av Oddmund Løkensgard Hoel

Kapittelet tek føre seg det knappe hundreåret frå 1814 til 1905 då Noreg var i union med Sverige. Framstillinga byrjar med den nye språkpolitiske situasjonen som det norske sjølvstendet og Grunnlova skapte i 1814. Utviklinga av talemålet, både bygde- og bydialektane og det høgare talemålet, blir følgt gjennom heile hundreåret, og det same blir bruken av det rådande dansknorske skriftmålet. Ein eigen bolk er vigd dei store teknologiske endringane som skrifta gjekk gjennom, både prente- og handskriftteknologi, som var viktig for å gjere skrift til eit massefenomen. Dei tre siste bolkane tek føre seg språkpolitikk og språkdebatt gjennom perioden. Framstillinga legg vekt på at 1814–1905 var ein periode med små språklege, men store språkpolitiske endringar i Noreg.