Kapittel 9: Det moderne Noreg (1945–2015)

Av Lars S. Vikør

Dette kapittelet dekker ein periode med ei overflod av kjelder kombinert med ein mangel på historisk avstand som gjer analysen av kjeldene og framstillinga av historiske mønster vanskeleg eller umogleg: Vi har enno ikkje “fasiten” som vil gi framtidige forskargenerasjonar innsikt i “korleis det gjekk”. Men vi har eit heilt spesielt nærsyn på detaljane i det som skjedde; dette kapittelet er det einaste i dette bandet som er skrive av ein person som sjølv har gjennomlevd heile den beskrivne perioden, først som sosialiseringsobjekt, seinare som aktør i språkutviklinga, og som slik sett er informant og forskar samtidig. Det er først og fremst språksamfunnet som står i sentrum for interessa her, men til slutt i kapittelet kjem ein bolk som skisserer utviklingstendensar i sjølve språket, både i skrift og tale, i denne stutte språkhistoriske perioden på sytti år.