Kapittel 1: Norsk språkhistorieskriving

Av Oddmund Løkensgard Hoel

Føremålet med dette kapittelet er å gje ei historisk framstilling av norsk språkhistorieskriving som vitskapleg aktivitet. Det tek både føre seg språkhistoriske forsk­ings­arbeid og framstillingar som har retta seg mot ein breiare lesarkrins, men det avgrensar seg frå klart ikkje-faglege framstillingar av amatørhistorikarar. Overordna spørsmål er kva emne og periodar språkhistorikarane har vore opptekne av til ulike tider og korleis framstillingane deira er forma i skjeringspunktet mellom vitskaplege og språkideologiske endringar. Kapittelet er kronologisk inndelt i sju bolkar som prøver å fanga typiske overordna trekk i kvar periode.

Eit gjennomgåande tema i den fyrste halvdelen av kapittelet er korleis språkhistorieskrivinga dels vart innrullert i den breie nasjonsbygginga, og dels vart vitskapleggjort gjennom den rivande utviklinga i språkvitskapen. Det galdt fyrst den historisk-samanliknande lingvistikken, og seinare (frå 1870-åra) den evolusjon­istiske. I denne perioden var språkvitskapen i hovudsak diakront orientert. Hovudtemaet for bolken frå 1915 til 1945 er den gjensidige påverknaden mellom språkhistorieskrivinga og språkstriden. Bolkane om etterkrigstida tek føre seg korleis språkhistorieskrivinga vart påverka av nye teoretiske impulsar, fyrst den avideologiserte empirismen og utfordringa frå den synkront orienterte strukturlingvistikken, og seinare frå sosiolingvistikken og ei breiare kulturhistorisk orientering. Sjølv om norsk språkhistorie aldri har vore eit stort felt målt i talet på publiserte arbeid og aktive forskarar, blir det lagt vekt på ekspansjonen i disiplinen gjennom perioden, og dei institusjonelle rammene for den språkhistoriske aktiviteten blir tematisert.