Kapittel 2: Idéhistoria om norsk språk

Av Helge Sandøy

Det er ikkje opplagt at folk oppfattar morsmålet sitt som eit spesielt språk som har noko namn. Språket kan bli oppfatta som noko sjølvsagt og ikkje meir. Dét har sosialantropologar vist oss frå framande kulturar i dag, og det ser ut til at det òg var slik for forfedrane våre for nokre hundreår sidan. Men så utviklar kulturen omgrep og legg verdiar til språket slik at det blir eit symbol og eit kulturobjekt som vi dyrkar – til dels intenst.

Dette kapittelet prøver å vise korleis språket blir ideologisert i samfunnet, og kva funksjonar denne utviklinga kan tene. Det legg mest vekt på korleis det skjer i Noreg, men vi må sjå til nabospråka våre i dei første hundreåra, for det var jo ikkje opplagt at norsk var eit språk. Dette omgrepet har utvikla seg opp gjennom tida, og den norske språkstriden kan vi sjå på som ein strid òg om språkomgrepet. Det omgrepet er ikkje endeleg avgjort.

Drøftinga av idéane om norsk språk kan vise oss korleis og korfor språket er så viktig langt utover det å vere eit kommunikasjonsmiddel.