Kapittel 4: Standardspråk og normering

Av Lars S. Vikør

Kapittelet tar utgangspunkt i sentrale termar som korrektheit, språknorm og standardspråk, som blir definert og drøfta ut frå ulike premissar. Eit standardspråk er såleis både eit ideologisk omgrep, som baserer seg på individuelle og kollektive haldningar til ulike språkvarietetar i eit samfunn, og ein empirisk term, brukt om ein eller fleire språkvarietetar som faktisk finst og blir nytta i eit samfunn.

Eit steg over til det empiriske får vi når vi tar for oss skapinga og utviklinga av standardspråk: språknormering. Vi demonstrerer korleis også denne aktiviteten kan sjåast og beskrivast frå ulike synsvinklar og med vekt på ulike aspekt.

Deretter beskriv vi den konkrete språknormeringa og resultata av den i den norske språkhistoria. Først kjem eit kort riss av normstrukturen i det norske samfunnet gjennom historia frå mellomalderen av, og så følgjer ein bolk om normer­inga av dei to norske standardspråka på 1800- og særleg 1900-talet fram til den siste nynorsknormalen frå 2012. Vi beskriv språktrekk for språktrekk og gir for kvart trekk eit lengdesnitt gjennom språkhistoria i perioden. Vi avsluttar med korte gjennomgangar av korleis språkreformene er blitt gjennomført på det praktiske planet, korleis ordtilfanget er blitt (forsøkt) normert ut frå ulike omsyn, og korleis språkreformene er blitt mottatt og evaluert i samfunnet.