Forfattarar

Tove Bull (f. 1945) er professor emerita i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho var rektor ved UiT i perioden 1996–2001. Ho har hatt ei rekkje faglege, universitetspolitiske og administrative verv, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Forsk­ingsdisiplinane hennar er sosiolingvistikk, dialektologi, fleirspråklegheit, nordnorske språkforhold, språkkontakt (særleg mellom nordisk og finsk-ugrisk), språk og kjønn, språkendring og språkhistorie. Ho har publisert bøker og artiklar innanfor alle desse felta.

Oddmund Løkensgard Hoel (f. 1968) er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Forskingsfelta hans er særleg nyare norsk språkhistorie og regionhistorie. Bokutgåva av doktoravhandlinga hadde tittelen Norsk målreising 2. Mål og modernisering 1868–1940 (2011). Han var sentral i prosjektet som resulterte i firebandsverk­et Soga om Sogn og Fjordane og skreiv der band 3, Fjordfylket på nye vegar 1875–1945 (2017).

Stian Hårstad (f. 1977) er ph.d. og førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Han har skrive om sosiolingvistiske og språkhistoriske emne og har òg vore involvert i norskdidaktisk forsking. Han gav i 2013 ut boka Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge saman med Toril Opsahl, og i 2017 Innganger til språkvitenskap. Teori, metode og faghistorie saman med Brit Mæhlum og Terje Lohndal. Han har dessutan medverka til bøkene Trøndersk språkhistorie (2008) og Tale­mål etter 1800 (2015).

Tore Janson (f. 1936) er dr.philos. og har vore professor i latin ved Göteborgs universitet 1986–1998 og dessutan professor i afrikanske språk ved same universitet 1998–2001. Frå 2011 er han tilknytt Stockholms universitet, Institutionen för lingvistik. Han har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og bøker innanfor områda latin, afrikanske språk og allmenn språkvitskap. Eit av hovudområda hans er historisk lingvistikk, og då særleg forholdet mellom samfunnsforandringar og språkforandringar. Eit større arbeid innanfor dette området er The history of languages (2012), som har blitt publisert i ulike versjonar og på fleire språk, mellom anna norsk.

Brit Mæhlum (f. 1957) er dr.philos. og professor i nordisk språkvitskap ved NTNU. Ho har først og fremst arbeidd med ulike sosiolingvistiske tema, men har også skrive ein del om språkhistorie, lingvistisk faghistorie og vitskapsteori. Sentrale bøker er Dialektal sosialisering. En studie av barn og ungdoms språklige strategier i Longyearbyen på Svalbard (1992), Mellom Skylla og Kharybdis. Forklaringsbegrepet i historisk språkvitenskap (1999), Konfrontasjoner. Når språk møtes (2007), læreboka Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter (2012), skriven saman med Unn Røyneland, og Innganger til språkvitenskap. Teori, metode og faghistorie (2017), skriven saman med Stian Hårstad og Terje Lohndal.

Helge Sandøy (f. 1947) er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Forskingsfelta hans er særleg sosiolingvistikk og dialektologi, språkhistorie, fonologi og vestnordiske språk. Han har publisert innanfor alle desse felta, m.a. bøkene Talemål (2. utg. 1996), Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk (2000), Romsdalsk språkhistorie (2011) og Talemål etter 1800 (2015). Han har også hatt fleire verv, bl.a. i Norsk språkråd, og han har vore leiar for fleire forskingsprosjekt: Talemål hos ungdom i Bergen (1980–1983), Moderne importord i språka i Norden (2000–2008), Den nye norsken (2000–2005), Dialektendringsprosessar (2008−2014) og Språkutvikling på industristader (2012–).

Lars S. Vikør (f. 1946) var professor i nordisk språkvitskap og hovudredaktør i Norsk Ordbok 1993–2015, no er han pensjonist. Forskingsfelta hans har særleg vore nynorsk leksikologi og leksikografi, nyare norsk språkhistorie, språkplanleggingsteori, normering, språkpolitikk, nordiske språkforhold og nynorsk språk generelt. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar innanfor fagfeltet sitt, m.a. Språkplanlegging. Prinsipp og praksis (1988), The Nordic languages. Their status and interrelations (1993), Rettskriving hos nynorskforfattarar (1995) og Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt (2004). Redaktør i Maal og Minne 2006–2014.

Top