Kapittel 1: Skriftkunne og språkmedium

Av Jan Ragnar Hagland, Agnete Nesse og Hildegunn Otnes

Språkhistorie er også historia om korleis samfunn har endra seg frå å vera baserte på munnleg språk åleine til gradvis å gå over til å verta avhengige av skrift. Dette kapittelet gir ei skisse av denne utviklinga i norsk språkhistorie. Det handlar om dei media vi har hatt til å formidla språk i opp gjennom tida, først og fremst skrift – frå runer til skrift med digitale medium. Korleis har mediet skrift endra seg over tid, og korleis kan kunnskap om det vera til hjelp i språkhistoriske studiar? Korleis har folk lært å meistra dette mediet? Studiet av skriving i digitale medium utgjer siste etappe i dette historiske oversynet over språkmedium til formidling av skrift og er teke opp som eige emne her med omtale av nye skriveverktøy og nye sjanger- og skrivepraksisar som digitale medium har gjeve oss. Det er lagt vekt på korleis skrift blir brukt i fleire samanhengar enn før og i kombinasjon med andre medium.
Også det munnlege språket har i løpet av det siste hundreåret hatt eigne medium til massekommunikasjon – dei såkalla etermedia, først og fremst radio og fjernsyn. Siste del av dette kapitlet går nærare inn på språk og språkbruk og kva desse media har hatt å seia for haldningar til spørsmål om tilhøve mellom standardtalemål og dialektar. Endringar av språkleg praksis innom desse media over tid vil også bli tekne opp.

1         Allment

2         Skriftkunne eller “literasitet”

2.1      Skriftkunne i Noreg frå mellomalderen og framover i tid

2.2      Skriftkunne i rettsleg samanheng

2.3      Skriftkunne utanom rettsstellet

2.4      Skriftkunne i manuskript og skriftkunne i bøker

2.5      Trykkeri i Noreg

2.6      Leseopplæring

2.7      Om lese- og skrivekunne og folkeleg bruk av etterreformatoriske runer på 1800-talet

3         Skriftsystem

            3.1      Runeskrift – den eldre runerekkja

            3.2      Dei yngre runene

            3.3      Etterreformatoriske runer

            3.4      Digrafi

            3.5      Det nye skriftsystemet – skrift med latinske bokstavar

                       3.5.1   Handskrift

                       3.5.2   Boktrykk

                       3.5.3   Fraktur eller antikva?

            3.6      Punktskrift

4         Medium til formidling av skrift og konsekvensar for tekstforming

            4.1      Teknologiar til utforming av skrift

5         Skrift og opplæring

            5.1      Mellomalder og eldre nytid

            5.2      Nytid frå 1800 til i dag

6         Skriving i digitale medier

            6.1      Digitale skriveverktøy og skriveprosesser

            6.2      Internett som skrivearena

                       6.2.1   Det hypertekstuelle

                       6.2.2   Det multimodale

                       6.2.3   Det interaktive og sosiale

                       6.2.4   Det uformelle og muntligpregede

            6.3      Digitale sjangrer og skrivepraksiser

            6.4      Digitale medier og skriftkulturens grenser

7         Radio og fjernsyn: Muntlige medier

            7.1      Tale til hele folket

            7.2      Standardtalemål og dialekt

            7.3      Omgangstone

            7.4      Ulike program, ulike normer

            7.5      Typiske trekk ved språket – tiår for tiår