Kapittel 3: Geografisk og sosial variasjon

Av Ivar Berg, Edit Bugge, Unn Røyneland og Helge Sandøy

Dette kapitlet tek føre seg utviklingsliner i det norske dialektlandskapet – frå 1200-talet og inn på byrjinga av 2000-talet, med vekt på både geografiske og sosiale skilje. I løpet av dei tre-fire første hundreåra av denne perioden rekner ein gjerne med at dei fleste av hovudskilnadene mellom dei ulike dialektområda var etablerte. Kjeldegrunnlaget for studiar av talemål i dette lange tidsrommet er naturleg nok svært variabelt; fram til utpå 1900-talet må vi basere oss berre på skriftleg kjeldemateriale. Nettopp tilgangen på kjelder gjer òg at sjølve analysen av utviklinga i nyare tid kan bli meir variert, og vi har betre føresetnadar for både å forstå og forklare dei språklege endringane som går føre seg. Så medan dei tre første bolkane av den grunn legg mest vekt på geografiske tilhøve, trer dei sosiale dimensjonane meir i framgrunnen i dei to siste.

1         Tida fram til 1600

            1.1      Kjeldegrunnlaget

            1.2      Metodiske utfordringar

            1.3      Geografisk variasjon i gammalnorsk

                       1.3.1   Dialektskilje i gammalnorsk

                       1.3.2   Konservative og innovative dialektar

            1.4      Dialektkløyvinga i seinmellomalderen

                       1.4.1   Kvantitetsomlegginga

                       1.4.2   Jamvektsregelen og vokalreduksjon

                       1.4.3   Assimilasjon og differensiasjon

                       1.4.4   Kvantitetsavhengige endringar

                       1.4.5   Morfologiske endringar

            1.5      Sosial variasjon

                       1.5.1   Eit høgre talemål i mellomalderen?

                       1.5.2   Kongebrev, bispebrev, bondebrev og andre brev

                       1.5.3   Kyrkjespråk

            1.6      Nokre perspektiv

2         Norsk talemål i tida frå 1600 til 1800

            2.1      Kjeldesituasjonen

            2.2      Norsk talemål kring 1600

            2.3      Dialektområda

            2.4      Fonologiske endringar

                       2.4.1. Kvantitet

                       2.4.2   Vokalendringar

                       2.4.3   Konsonantendringar

            2.5      Morfologiske endringar

                       2.5.1   Svarabhaktivokalen

                       2.5.2   Verb: Person- og talbøying

                       2.5.3   Pronomen

                       2.5.4   Nektingsadverbet

            2.6      Syntaks: Sin-genitiv

            2.7      Samferdsle og demografiske endringar

            2.8      Den andre kjende koiné-dialekten i landet

            2.9      Sosial variasjon

3         Talemålet mellom 1800 og 1950

            3.1      Kjeldesituasjonen

            3.2      Norsk talemål kring 1800

            3.3      Fonologiske endringar

                       3.3.1   Fonologiske endringar: Reduksjon i talet på vokalfonem

                       3.3.2   Konsonantforandringar

            3.4      Morfologiske endringar

                       3.4.1   Substantiv

                       3.4.2   Verb

                       3.4.3   Genusbøying i adjektiv

            3.5      Syntaks: Dativ

                       3.5.1   Geografiske endringar

                       3.5.2   Syntaktiske mønster

            3.6. Endringstempoet og endringsomfanget

4         Talemålet i byer og industristeder

            4.1      Før 1600

            4.2      1600–1800

            4.3      1800–1945

            4.4      Nye byer – og nye bymål

            4.5      1945 og framover

5         Utjamning og ny variasjon frå ca. 1945 til i dag

            5.1      Innleiing

            5.2      Studie av språkleg variasjon og endring

            5.3      Samfunnsendringar og språkendringar

            5.4      Auka dialektaksept og auka dialektnivellering

                       5.4.1   Frå diglossi og dialektskifte til auka aksept for dialektbruk

                       5.4.2   Dialektnivellering

            5.5      Dialektdaude og dialektbevaring

            5.6      Ulike utviklingstendensar

                       5.6.1   Austlandet

                       5.6.2   Resten av landet

            5.7      Regionalisering og regionale talemål

            5.8      Dialektblanding, bidialektisme og ny diglossi

            5.9      Ny variasjon – nye varietetar, stilar og register