Kapittel 4: Namn

Av Inge Særheim og Kristoffer Kruken

Namna utgjer ein stor del av det språklege inventaret. Viktige utviklingstrekk som gjeld namnelaging og namnebruk høyrer difor med i framstillinga av språkhistoria. I dette kapittelet er det sett på korleis ein gjennom åra har forma og nytta ulike typar namn, og det er gjort greie for viktige endringar i namnelaging og namnebruk, både framveksten og tapet av namnetypar og namnelagingsmåtar. Ettersom mange namn – særleg stadnamn – er overleverte i ubroten munnleg tradisjon som del av språket og munnleg kultur i lang tid, ber dei med seg opplysningar om ulike sider ved språket og språkutviklinga, bl.a. om ordtilfang, ordlaging, form- og lydhistorisk utvikling, tydingsutvikling og språkleg slektskap. I den innleiande bolken er det bl.a. gjort greie for namna som språkhistoriske kjelder, som identitetsmerke og stridsemne, og som spegel av kultur- og språkmøte. Stadnamna og personnamna, som båe er viktige forskingsfelt, har fått eigen omtale.

Del 1: Innleiing
Del 2: Stadnamn
Del 3: Personnamn