Kapittel 5: Fagspråksarbeid

Av Johan Myking, Sylvi Dysvik og Håvard Hjulstad

Dette kapittelet skal gje eit historisk oversyn over arbeidet med norsk som fagspråk på 1900-talet, i praksis avgrensa til terminologiarbeidet. Det har til alle tider funnest faguttrykk og omgrep som er særleg knytte til utøvinga av yrke og spesielle funksjonar. Med utviklinga av moderne vitskap og teknologi skaut òg utviklinga av vitskapleg nomenklatur, terminologi og andre fagspråklege uttrykksmiddel fart internasjonalt, og dette arbeidet kom etter kvart inn i meir systematiske former. I Norden kan vi særleg tenkja på Carl von Linné (1707–1778) og det botaniske klassifikasjonssystemet han utvikla. Framstillinga vil samla seg om det fagspråksarbeidet som kom i stand i Noreg etter at dei to språkpolitiske hovud­linene var utmeisla på slutten av 1800-talet. Det vil først og fremst seia at vi legg vekt på terminologiarbeidet og den terminologiske voksteren som har vore ein del av arbeidet med å utvikla norsk som eit sjølvstendig standardspråk med to varietetar – bokmål og nynorsk.

Etter ei teoretisk og prinsipiell innleiing i bolk 1 følgjer vi i bolk 2 utviklinga av det institusjonelle terminologiarbeidet frå 1897 og til i dag. Dei særeigne terminologiske behova i utbygginga av det nynorske skriftspråket får ein viktig plass i bolk 3. Vi gjer eit dykk i det største einskildprosjektet i norsk terminologihistorie, utviklinga av det norske oljespråket på 1980-talet, i bolk 4. Vi gjer på ulike stader i framstillinga greie for korleis fagspråksarbeidet har fått sin plass som del av det statlege språkarbeidet Språkrådet er ansvarleg for. Til sist prøver vi kort å skissera nokre hovudtendensar i den historia om norsk fagspråksutvikling som kapittelet har teke for seg.

1 Innleiing og oversyn
2 Nasjonalt terminologiarbeid fra RTT til Språkrådet
3 Nynorsk terminologi og nynorske terminologiressursar
4 Eit sentralt domene – oljespråket
5 Nokre hovudtendensar i norsk fagspråkshistorie