Kapittel 6: Andre språk i Noreg

Av Tove Bull, Espen Karlsen, Eli Raanes og Rolf Theil

Norsk språk har alltid vore i kontakt med andre språk. Det har komme til uttrykk på ulike måtar, dels ved at norske språkbrukarar har vore i nær kontakt med og samhandla med brukarar av andre språk, dels ved påverknad frå språk i andre delar av verda gjennom import av ord og gjennom sosial og politisk innverknad frå andre språksamfunn.

Dette kapittelet dreier seg om slike “andre” språk og det dei har hatt å seie for Noreg, men også om andre språk i Noreg, utan at dei nødvendigvis har verka direkte inn på norsk språk. Det betyr at kapittelet omtaler mange forskjellige språk. Innleiinga gjev såleis eit grovt oversyn over norsk språkkontakthistorie. I tillegg er det med bolkar som behandlar einskildspråk som har spelt ei spesiell rolle i denne samanhengen, altså stort sett språk som har hatt stor innverknad på norsk. Det gjeld finsk-ugrisk, først og fremst samiske språk, latin og gresk, mellomnedertysk og engelsk. Men også språk som har og har hatt stabil heimvist i landet, er behandla i separate bolkar. Det gjeld romani, valakisk romai og norsk teiknspråk. Ei viktig prioritering har her vore å gje stor plass til språk som ikkje eller berre i liten grad er omtalte i tidlegare norske språkhistorier.

1 Presentasjon og innleiing
2 Finsk-ugrisk, med hovudvekt på samisk
3 Latin og gresk
4 Mellomnedertysk
5 Engelsk
6 Norsk romani og valakisk romani
7 Norsk tegnspråk