Kapittel 5: Ordforrådet

Av Tor Erik Jenstad

Leksikologi er studiet av ordforrådet i eit språk, av strukturelle eigenskapar ved det, og av reglar og system knytte til dei leksikalske einingane. I semantikk studerer ein tydingar til språklege uttrykk; i denne samanhengen gjeld det leksikalsk semantikk. Etymologi er studiet av opphavet til ord, slektskap mellom ord og korleis orda utviklar seg i form og tyding. Dette kapittelet viser allmenne sider ved ordforrådet som komponent i språket og viktige drag ved utviklinga av ordforrådet i norsk. Dette blir belyst gjennom ordimport til ulike tider og frå ulike kjeldespråk. Ordimporten blir sett i samanheng med allmenne kulturstraumdrag. Eit anna viktig tema er ordgeografi og utjamning av ordforrådet i målføra, kanskje den største språkendringa i norsk i dag. Også kjønnsdiskriminerande ord og anna sensitivt ordforråd blir drøfta.

1 Leksikologi, semantikk, etymologi
2 Ordforrådet som komponent i språket
3 Arv og lån i ordforrådet
4 Kjelder for ordimport
5 Ordeksport
6 Ordgeografi
7 Sensitivt ordforråd