Kapittel 1: Språkendring

Helge Sandøy og Agnete Nesse

Levande språk er alltid i endring. Men kva styrer endringane? Det spørsmålet har språkvitskapen streva med frå faget oppstod for eit par hundre år sidan, og diskusjonen går intenst ennå, for innfallsvinklane kan vere mange. I dette kapittelet blir det først prøvd å systematisere endringsprosessen på individ-, gruppe- og samfunnsnivået. Deretter blir dei ymse drivkreftene i prosessen diskutert, ikkje som styringar med føreseieleg resultat, men som føringar og vilkår som er uttrykk for dei mange faktorane i samfunnet og i språket som viser seg å spele ei rolle. Det er lagt vekt på at språket er eit kollektivt fenomen, ein sosial institusjon, som er avhengig av den faktiske språkbruken åt individa, men som individa ikkje styrer over med intensjon. Den drøftande teksten er illustrert med mange eksempel frå norske språkendringar.