Forfattarar

Philipp Conzett (f. 1975) er universitetsbibliotekar ved Universitetsbiblioteket ved UiT Noregs arktiske universitet og er også gjestelektor i norsk ved Uleåborgs universitet. I forskinga si har han først og fremst studert ordlaging og bruken av genus i norsk i eit diakront perspektiv. Han er særleg interessert i morfologi, språkhistorie og ordforråd. Språkkontakt på Nordkalotten er eit anna område han har forska på.

Hans-Olav Enger (f. 1965) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han er også professor II ved Universität Zürich. Innanfor nordisk språkvitskap har han arbeidd særleg med grammatikk og indre språkhistorie, særleg morfologi, genus, grammatikalisering og kongruens. Han er medforfattar av Innføring i norsk grammatikk. Morfologi og syntaks (2000). Frå 2005–2010 var han redaktør for Norsk Lingvistisk Tidsskrift.

Jan Ragnar Hagland (f. 1943) var professor i norrøn filologi ved Universitetet i Trondheim / NTNU 1986–2013, nå er han pensjonist. Forskinga hans har der i hovudsak falle innom fagdisiplinane norrøn filologi, runologi, nordisk språkhistorie og 1700-talsstudiar. Han har publisert innanfor alle desse disiplinane med bøker som Riksstyring og språknorm. Spørsmålet om kongskanselliets rolle i norsk språkhistorie på 1200- og første halvdel av 1300-talet (1986), Literacy i norsk seinmellomalder (2005) og Trøndersk språkhistorie (2008).

Tor Erik Jenstad (f. 1956) er namnekonsulent i Språkrådet og redaktør i Det Norske Akademis Store Ordbok. Han har arbeidd som redaktør og forskar i Norsk Ordbok 2014. I doktoravhandlinga frå 1995 om norsk folkemusikkterminologi kombinerer han musikkinteresse med dialektologisk forsking. Han har publisert mange arbeid innanfor dialektologi og ofte vore brukt som språkekspert både i Dialektmagasinet på NRK Trøndelag og i Språkteigen på NRK P2. Ei av Jenstads mest populære bøker er Skjellsordboka (1991).

Anders Johansen (f. 1952) er utdanna sosialantropolog og var lenge professor i medie- og kulturhistorie ved Universitetet i Bergen. Nå er han tilsett i eit professorat i sakprosastudiar same stad. Han er opptatt av den rolla skrivearbeid har i kunnskapsutviklinga, og i den samanhengen har han gitt ut bøkene Skriv! (2009) og Kunnskapens språk (2012). I seinare år har han òg utvikla interesse for politisk retorikkhistorie, bl.a. gjennom bøkene Talerens troverdighet (2002) og Virksomme ord (2005).

Gjert Kristoffersen (f. 1949) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. I tillegg til ei rekke artiklar om norsk og nordisk fonologi, særleg prosodi, har han utgitt The Phonology of Norwegian (2000) og vore medredaktør for The Oxford Handbook of Corpus Linguistics (2014). Han sit også i redaksjonsråda for dei to tidskrifta Studia Linguistica og Norsk Lingvistisk Tidsskrift.

Endre Mørck (f. 1952) er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Fagleg har han først og fremst arbeidd med det mellomnorske diplommaterialet og bygdemålstekster frå tidleg moderne norsk, og han har undersøkt den morfologiske og syntaktiske utviklinga frå norrønt til moderne norsk. Han har også skrive om moderne standard- og dialektsyntaks. Dei største arbeida hans er bøkene Unormaliserte middelaldertekster (2006) og Leddstillinga i mellomnorske heilsetninger (2011).

Eva Maagerø (f. 1951) er professor ved Høgskolen i Vestfold. Forskingsfelta hennar er sosialsemiotikk, multimodalitet, resepsjonsstudiar, lesing, skriving og læremiddel, fagspråk og barns språkutvikling, og ho har vore med i fleire store forskingsprosjekt som for eksempel The Kindergarten Room – materiality, learning and meaning making (2010–12), Reading Multimodal Children’s Books in a Cultural Context (2010–14) og Læremiddelhistorie (2006–10).

Agnete Nesse (f. 1965) er professor i norsk språkvitskap ved Høgskolen i Bergen. Dr.art.-avhandlinga hennar frå 2002 har tittelen Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen – ein tittel som gjenspeglar forskingsfelta hennar, nemleg språkhistorie, fleirspråklegheit, dialektkunnskap og sosiolingvistikk. Nesse har òg forska på bodødialekten, og kom i 2008 med boka Bydialekt, Riksmål og Identitet – Sett fra Bodø. I 2013 gav ho ut Innføring i norsk språkhistorie.

Helge Sandøy (f. 1947) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Forskingsfeltet hans er særleg sosiolingvistikk og dialektologi, språkhistorie, fonologi og vestnordiske språk, og han har publisert innanfor alle desse felta, m.a. bøkene Talemål (2. utg. 1996), Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk (2000) og Romsdalsk språkhistorie (2011). Dessutan har han vore leiar for fleire forskingsprosjekt, nå for Dialektendrings- prosessar og Språkutvikling på industristader.

Jørgen Sejersted (f. 1967) er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Han har bl.a. forska på tidlegmoderne norsk dikting, og han har publisert om nyare og eldre norsk dikting. Saman med Eirik Vassenden gav han i 2007 ut Lyrikkhåndboken. 101 dikt og tolkninger. Han har også vore medredaktør i Norsk Litterær Årbok (2002–2010), i tidsskriftet Edda (2011–2014) og for antologiane Ludvig Holbergs naturrett (2012) og Historikeren Ludvig Holberg (2014). I perioden 2012–2015 leidde han NFR-prosjektet Holbergs ideologier.

Arne Torp (f. 1942) var til 2013 professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, nå er han pensjonist. Forskingsfeltet hans har vore særleg språkhistorie og dialektologi, og han har m.a. publisert bøkene Nordiske språk i nordisk og germansk perspektiv (1998), Gjerstadmålet (2005) og R – ei urokråke i språket (2007). Han har også skrive lærebøker og vore ein aktiv fagformidlar både gjennom foredrag og i radio og fjernsyn.

Aslaug Veum (f. 1969) er førsteamanuensis ved Institutt for språk, Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Fagområdet hennar er tekstvitskap, diskursanalyse, multimodalitet og norskdidaktikk. Ho har òg studert tekst i historisk perspektiv, bl.a. i avhandlinga Avisas andlet. Førstesida som tekst og diskurs. Dagbladet 1925–1995 (2008). Veum er medforfattar og medredaktør for bøkene Diskursanalyse i praksis. Metode og analyse (2011), Literacy i læringskontekster (2013) og Tekstanalyse – ei innføring (2014).