Bind I

Omslag bind I

Omslag bind I

NSH I – Mønster

Bindredaktør: Helge Sandøy

Språket som «kodesystem» er bygd opp som mønster på mange nivå. Dei beskrivingsnivåa vi mest brukar, er fonologi, morfologi, syntaks, ordforråd og tekst. Alle desse nivåa er i kontinuerleg endring, og desse endringane har fått språkvetarar og andre til å stille spørsmål om tendensar, utviklingsretningar og drivkrefter. Dette bindet, Mønster, beskriv endringane i utviklinga frå urnordisk til norsken i dag.

Bindet begynner med å drøfte språkendring som fenomen og korfor språk endrar seg. Deretter blir endringar gjennomgått – frå dei minste lydeiningane til dei store tekstane. Her blir det lagt vekt på å beskrive og forklare ut frå innsikter vi har i allmenn teori, slik at dei norske fenomena kan illustrere generelle eigenskapar ved språk. Den historiske linja blir trekt i kvart kapittel.

  • Innhald
  • Referanseliste
  • Definisjonar av fagtermar
  • Forfattarar
  • Bind I er no tilgjengeleg og kan bestillast her.

    Top